Home Miljø Ingen spesielle tiltak i årets laksefiske

Ingen spesielle tiltak i årets laksefiske

0
47
Fiske i sjø og elv: Det har vore vanskeleg å vurdere om det er behov for å innføre ekstraordinære reguleringar i sesong i år. Foto: Lovise Marie Vårhus, Miljødirektoratet

Det blir ikkje innført ekstraordinære reguleringar i laksefisket i år, sjølv om det er lite som tyder på at det blir eit spesielt godt lakseår.

Kvart år vurderer Miljødirektoratet om det er behov for ekstraordinære reguleringar midtvegs i laksefiskesesongen. Vurderinga tek utgangspunkt i Norsk institutt for naturforsking (Nina) sitt notat om innsiget av laks så langt i sesongen. Denne er basert på tal frå fangst i elv og sjø, og teljingar av laks som vandrar opp i elvane.

Dersom vurderinga tilseier at det ligg an til å bli ein svikt i innsiget med 50 prosent eller lågare i ein region, kan Miljødirektoratet  innføre avgrensingar i fisket midt i sesongen. Årets tal blir samanlikna med gjennomsnittstal for 2016-2019, som er dei åra som ligg til grunn for gjeldande fiskereglar.

Årets tal frå fangst i elv og sjø og fisketeljarar så langt varierer mykje også internt i regionar, samanlikna med fangstane i perioden 2016-2019. Trass i låge tal frå enkelte vassdrag og regionar, blir det vedteke å ikkje innføre ekstraordinære avgrensingar i fisket.

Rogaland og Namsen peikar seg ut

Vassdrag i Rogaland har vesentleg lågare fangsttal i år samanlikna med gjennomsnittet i perioden 2016-2019. Det har dei siste åra vore høy oppnåelse av det såkalla gytebestandsmålet, som er mengda holaks som må vere igjen i vassdraget etter fiskesesongen for å bidra i reproduksjon. Det er derfor likevel forventa at det kan bli nok laks igjen i vassdraga i Rogaland til å sikre tilstrekkeleg gyting i år òg, slik at neste generasjon av laks blir sikra. 

Også i Namdalen har det vore varierande tal frå fangst i fisketeljarar, fangst i sjø og elv, og det har vore vanskeleg å få eit eintydig bilete av innsiget til regionen. I Namsenvassdraget har elveeigarlaget sjølv gjort ei evaluering av fangstane så langt og innført avgrensingar i fisket. Fleire vassdrag i både Namsenregionen og Rogaland har gjennomført eller skal gjennomføre slike evalueringar i vassdraga sine og har avtalar om tiltak som avgrensar fisket dersom tala er låge.

Vanskeleg vurdering

– Det har vore vanskeleg å vurdere om det er behov for å innføre ekstraordinære reguleringar i sesong i år. Når vi no vel å ikkje gjere det, føreset vi at vassdraga som skal ha midtsesongevalueringane gjennomfører desse, og at dei førehandsavtalte tiltaka blir følgd opp der det er behov, seier Lovise Marie Vårhus, rådgivar i fiskeseksjonen i Miljødirektoratet.

I dag er villaksen hamna på raudlista over utryddingstrua artar. I Noreg har vi omtrent 25 prosent av alle atlantiske laksebestandar i verda. Vi har derfor eit spesielt ansvar for å bevare og verne ho. Den norske forvaltninga av villaks byggjer på internasjonale forvaltningsprinsipp som er utarbeidde under den nordatlantiske laksevernorganisasjonen, NASCO.